Tirsdag 17. november er det planlagt legging av sjøleidning frå Djupvika til Tørla. Leidninga kan kome i konflikt med fiskereiskap, og vi ber fiskarar vere spesielt merksame.
Den 3600 meter lange sjøleidninga er ein del av overføringsnettet til Kongshaugen reinseanlegg.
Leidninga er sveisa saman og har vore lagra på Giørtz-tomta på Sjukenesstranda. Tirsdag skal leidninga etter planen slepast gjennom Eidsundet og leggast på strekninga frå Djupvika til Tørla.
Arbeidet vil påverke båttrafikken i området og i ein kortare periode kan det bli stengt for trafikk.